Tankar i etterkant av AFS sin konferanse om global kompetanse i Budapest.

av Gunhild Sølvberg, AFS Frivillig og lærar på vidaregåande skule.

“Om ein elev går ut med toppkarakterar, men som rasist, då har vi feila som skule og samfunn.»

Dette var eitt av fleire kraftfulle utsegn som kom under AFS sin konferanse om global kompetanse. Her fekk vi inspirasjon frå både direktørar og studentar, og gjennom ei fin blanding av paneldiskusjonar og workshops fekk vi eksempel på korleis ein kan gå frå teori til praksis når det gjeld desse orda vi stadig oftare høyrer: Global kompetanse, interkulturell læring, tverrkulturell kommunikasjon… Som lærar og frivillig i ICL-gruppa* i AFS Norge, likte eg at konferansen la mykje vekt på korleis ein kan forsøke få til meir global kompetanse i skuleverket. Vi fekk tips til nettsider som kan være møtepunkt mellom klasserom i ulike land (til dømes Empatico, som også fekk prisen for innovasjon i global utdanning under konferansen), og vi fekk høyre frå skular som har fått til tverrfaglege prosjekt knytt opp mot FN sine bærekraftsmål, så vel som lokale læreplanmål.

Det var også fint å oppleve at ein la vekt på at internasjonalisering og global kunnskap kan skje der ein er, at ein ikkje nødvendigvis må reise ut for å oppleve andre kulturar. Slik kan ein også nå ut til mange fleire. Også med tanke på miljøaspektet, blir det viktig å få til fleire gode løysingar som kan fremme forståing på tvers av ulike kulturar, utan at det samtidig treng føre til stor forureining.

Konferansen var i tillegg ei påminning om kor fint det er å stoppe opp og få påfyll av inspirasjon og gode tips. Vel vitande om at det foregår mykje godt arbeid ute i lokallaga i AFS, i skulane, og i andre deler av lokalsamfunna, vil eg oppmode alle til å dele opplegg som ein synest har fungert godt for å få folk – unge som gamle – til å reflektere meir over si eiga rolle som del av eit verdssamfunn og skape større forståing for det positive som ligg i samhandling og det å ha ei nysgjerrig og opa tilnærming til andre. Mange gode eksempel av ulik art vil vere nyttig når ein skal jobbe vidare med å løfte fram alt det gode som allereie finst av interkulturell kunnskap og læring i AFS og elles, samt i det vidare arbeidet med å dele den gode, globale kunnskapen AFS og alle i organisasjonen sit på.


*ICL er forkorting for Intercultural learning. ICL-gruppa er ei arbeidsgruppe i AFS Norge som består av engasjerte frivillige som alle har gjennomført internasjonale kurs i å bli kvalifisert kurshaldar i tema som omhandlar interkulturell læring. Gruppa utvikler kurs og held workshops, samtidig som dei arbeider med utvikle undervisningstilbod til skuler og eksterne aktørar.

Har du spørsmål, innspill eller noe du ønsker å dele? Ta kontakt med Erika i AFS som jobber med interkulturell læring.